KVITEGGJA (1691 m.o.h.) HORNINDALSROKKEN (1529 m.o.h.) KÅRDALSTINDANE (1490 m.o.h.) RISESNOSA (1554 m.o.h.) BREKKETINDEN (1578 m.o.h.) SLOGEN (1564 m.o.h.) JAKTA (1588 m.o.h.)


Tussa Nett AS
Langemyra 6 6150 Ørsta
Tlf. 70 04 62 00
Faks. 70 04 62 01
Kundesenter. 70 04 61 00
firmapost@tussa.no
kundesenter@tussa.no
AktueltOrganisasjonØkonomiKontakt ossEnglishJobbe i Tussa
Skriv utWebkamera

Første vinnar er Kristine Rebbestad frå Ørsta

eFaktura                                                                                                                    Vinnar                            

Dette er ei teneste for deg som betalar rekningane dine i nettbank og som ynskjer ein enklare og sikrare betalingsmåte. Faktura vert tilgjengeleg i nettbanken og vert lagt til betaling så snart du har godkjent han. Fakturadetaljar vil vere tilgjengelege via link i nettbanken.

Korleis opprette eFaktura?

Har du nettbank i eige namn kan du opprette eFaktura. Du kan bestille tenesten ved å velje frå nettbanken si liste over selskap som tilbyr denne tenesta eller du kan registrere bestilling når du betalar neste faktura frå Tussa i nettbanken. Du gjennomfører bestillinga slik du vert informert om i nettbanken. Du finn eFakturareferansen på tilsendt papirfaktura. Enkelte nettbankar tilbyr varsling på sms når ein ny eFaktura er tilgjengeleg i nettbanken, du må då oppgi mobilnummer. SMS-varsling er ei teneste frå banken og endringar må gjerast der.

Når du har oppretta eFaktura vil du motta ein e-post. Du må godkjenne fakturaen før konto vert belasta. Du vil ha fakturadetaljar tilgjengeleg via link i nettbanken. Kontroller at alle detaljane stemmer. Dersom du vil endre beløpet eller forfallsdato kan du gjere det før du godkjenner betalinga. Rekningane vil vere tilgjengelege i 16 månader i nettbanken. Eldre krav vil vere tilgjengelege på Di side Kraft.
 

E-postfaktura

Dette er ei teneste for deg som ynskjer å unngå brev i postkassa. Med e-postfaktura får du faktura tilsendt på e-post. E-posten inneheld nødvendig betalingsinformasjon og link til Di side for spesifisert fakturainformasjon. Korleis opprette e-postfaktura?

Ynskjer du e-postfaktura kan du sjølv bestille dette på www.tussa.no – Di side Kraft - Kundeprofil. Ved bestilling vil du få tilsendt ei eingongskode på e-post, som du må nytte for å stadfeste bestillinga. Ynskjer du å gå attende til ordinær giro er framgangsmåten den same.
Når du mottek e-postfaktura må du betale på same måte som med ordinær giro i nettbank, du må sjølv legge inn faktura til forfall og taste inn kontonummer og kid-nummer. Fakturadetaljane vil vere tilgjengeleg på Di side Kraft på www.tussa.no for seinare dokumentasjon. Du treng difor ikkje lagre e-postfakturane over tid, om du ikkje ynskjer det.
 
eFaktura og e-postfaktura kan kombinerast med avtalegiro.
Avtalegiro må opprettast og eventuelt avsluttast i banken din.
 

Avtalegiro

Giro vert sendt direkte til banken for automatisk trekk. Du får betalingsvarsel tilsendt på papir eller elektronisk, som vanleg. For at betalinga skal bli utført må du sjå til at der er pengar på konto den dagen det er forfall. Avtalegiro opprettar og avsluttar du i nettbanken, eller ved å kontakte banken din.

Målaravlesing Tussa Breibandstelefoni Tussa Varmepumpe Enøk Flytting