KVITEGGJA (1691 m.o.h.) HORNINDALSROKKEN (1529 m.o.h.) KÅRDALSTINDANE (1490 m.o.h.) RISESNOSA (1554 m.o.h.) BREKKETINDEN (1578 m.o.h.) SLOGEN (1564 m.o.h.) JAKTA (1588 m.o.h.)
Kraftnett
 


Tussa Nett AS
Langemyra 6 6150 Ørsta
Tlf. 70 04 62 00
Faks. 70 04 62 01
Kundesenter. 70 04 61 00
firmapost@tussa.no
kundesenter@tussa.no
AktueltOrganisasjonØkonomiKontakt ossEnglishJobbe i Tussa
Skriv utWebkamera

Småkraftverk

Har du planar om å byggje småkraftverk, eller sit du på fallrettane i eit vassdrag ? Tussa Nett AS er eit nettselskap med områdekonsesjon på høgspenningsnettet, og du må før eller seinare i samhandling med oss dersom du skal levere elkraft inn i dette forsyningsnettet.

Sjølv om heile området vårt treng elkraft, så kan utvekslingspunktet med kraftverket vere ugunstig plassert i høve til lokalt forbruk. Dette kan innverke på om kraftverket får betalt for innmatinga i nettet eller om det er kraftverket som må betale. Ta difor kontakt med oss så tidleg som muleg for å få avklart desse nett-tilhøva.
 
Rutinane våre er:
    1. Ved førespurnad om tilknyting av kraftverk til nettet,  skal Tussa Nett (TN) innan ein månad etter motteken førespurnad gi kraftverksutbyggjar svar på spørsmål om tilknyting
    2. TN skal vurdere om det er kapasitet i TN sitt nett til å ta imot den nye kraftproduksjonen. Eventuelt utgreie tiltak som må gjennomførast for å ta imot den aktuelle kraftproduksjonen
    3. TN avklarar om overliggjande nett har kapasitet til å ta imot ny kraftproduksjon
    4. Eventuelle nettforsterkingstiltak skal kostnadsreknast og det skal utformast avtale om investeringstilskot frå kraftverksutbyggjar. Ingen nettforsterkingstiltak vil bli iverksett før avtale om investeringstilskot er akseptert og underteikna
    5. Dersom det er kapasitet i nettet, eller dersom nødvendige forsterkingstiltak er avklara og avtale om investeringstilskot er inngått, vil TN gje løyve til å knyte nytt kraftverk til nettet
    6. Tilknytingsløyvet skal gjevast med tidsavgrensing. Utbygging av kraftverket skal vere oppstarta innan to år etter tildelt tilknytingsløyve
    7. Det skal opplysast om kvar tilknytingspunktet til nettet blir, kva spenningsnivå som er i det aktuelle punktet og kva nett som må byggjast mellom nytt kraftverk og dette punktet
    8. Nytt nett mellom kraftverk og tilknytingspunktet skal kostast og eigast av kraftverkseigar, men kan i dei fleste tilfelle byggjast på TN sin områdekonsesjon
    9. I svaret skal TN presentere tekniske og økonomiske vilkår for nytt kraftverk. Krav til teknisk utføring, krav til funksjonar i nytt anlegg, krav til fjernstyring- og overvakingsfunksjonar, elektriske grenseverdiar og prinsipp for utrekning av nettariff for innmata produksjon
Målaravlesing Energiutgreiing Nettariffar Feilmelding Samfunnsbidrag og sponsing