KVITEGGJA (1691 m.o.h.) HORNINDALSROKKEN (1529 m.o.h.) KÅRDALSTINDANE (1490 m.o.h.) RISESNOSA (1554 m.o.h.) BREKKETINDEN (1578 m.o.h.) SLOGEN (1564 m.o.h.) JAKTA (1588 m.o.h.)
Kraftnett
 


Tussa Nett AS
Langemyra 6 6150 Ørsta
Tlf. 70 04 62 00
Faks. 70 04 62 01
Kundesenter. 70 04 61 00
firmapost@tussa.no
kundesenter@tussa.no
AktueltOrganisasjonØkonomiKontakt ossEnglishJobbe i Tussa
Skriv utWebkamera

Byte av kraftleverandør

Det er opp til deg som kunde å velje kva kraftleverandør du vil ha. Det lokale nettselskapet ditt administrerer vala dine. Alle kan byte kraftleverandør, så lenge ein ikkje er bunden gjennom kontrakt. Ta kontakt med den kraftleverandøren du ynskjer, så vil han sende alle nødvendige opplysningar til nettselskapet.

Om du ynskjer å byte kraftleverandør tek du kontakt med denne. Kraftleverandøren må sende melding til det lokale nettselskapet seinast 15 virkedagar før skiftedato. For at leverandørbytet skal vere gyldig, skal det alltid liggje føre ein avtale mellom den nye kraftleverandøren og sluttbrukar. Netteigar sender melding om sluttdato for leveranse til den kraftleverandøren som skal avslutte leveransen, seinast 3 dagar før dato for leverandørbyte. Innan 3 veker etter at netteigar har motteke ei målaravlesing skal denne sendast til kunden sin kraftleverandør, eventuelt også til kraftleverandøren som avsluttar leveransen.
 
Kven kan byte kraftleverandør?
Alle har mulegheit til å byte kraftleverandør, så lenge ein ikkje er bunden til kontrakt med noverande kraftleverandør.
 
Korleis skifte kraftleverandør?
Du finn ein aktuell kraftleverandør. Oversikt over dei mest aktuelle kraftleverandørane finn du på www.konkurransetilsynet.no/kraftpriser. Du inngår avtale og startdato for leveranse med kraftleverandøren, og han vil deretter ordne resten for deg. Det er viktig at du les av målaren for at vi skal kunne gjennomføre leverandørbyte. Netteigar aksepterer avlesingar innanfor 20 til seinast 6 virkedagar før dato for leverandørbyte. Manglande målaravlesing innanfor dette intervallet medfører at leverandørbytet vert avvist. Målaravlesing kan meldast til den nye kraftleverandøren eller til Tussa Nett.
 
For at den nye kraftleverandøren skal kunne gi melding til oss om leverandørbytet, vil han trenge opplysningar om det aktuelle målepunktet. Desse finn du enklast på ein faktura frå netteigar.                                                                               
 
Desse opplysningane er:
a) Målepunkt-ID og eventuelt målarnummer
b) Sluttbrukar sitt namn, fødselsdato/organisasjonsnr., og postadresse
c) Anleggs- og fakturaadresse, dersom desse er ulik postadresse
 
Aktive leverandørar i Tussa Nett per 02.03.2010 :
Askøy Energi Kraftsalg AS
Alpiq Norway AS
Eidsiva Marked AS
Elkraft AS
Energipartner
Fitjar Kraftlag
Fjordkraft AS
Fortum Markets AS
Gudbrandsdal Energi AS
Hafslund Direkte
Hallingkraft AS
Helgelandskraft AS
Hurum Kraft AS
Ishavskraft AS
Istad Kraft AS
Kraftinor As
LOS AS
Lier Everk AS
Luster Energiverk AS
Lyse Handel AS
Lærdal Energi AS
Mesta Konsern AS
MidtNorge Kraft AS
Nord-Trøndelag Elverk Marked AS
Nord-Østerdal Kraftlag
Nordvest Kraft AS
Norgesenergi
PowerTrade AS
Rauma Energi Kraft AS
Ringeriks-Kraft Strøm AS
SFE Kraft AS
Shell Energy
SKS Kraftsalg AS
Stange Energi Salg AS
Statoil Norge As  El - Bedrift
Stranda Energiverk AS
Stryn Energi AS
Sunndal Energi
Tafjord Marked AS
Telinet Energi AS
Total Energi ASA
Trondheim Energi Kraftsalg AS
TrøndErenergi Marked AS
Tussa24 AS
Ustekveikja Energi AS
Vitel AS (Sluttar 24.02.2010)
 
Målaravlesing Energiutgreiing Nettariffar Feilmelding Samfunnsbidrag og sponsing