Tussa Nett har utarbeidd lokale energiutgreiingar for kvar kommune i konsesjonsområdet. NVE har fastsett ei forskrift som pålegg alle områdekonsesjonærar å lage kommunevise utgreiingar. Energiutgreiinga skal beskrive korleis elektrisitet, fjernvarme, olje, gass og biobrensel blir brukt i dag i kommunane, og kva som er forventa forbruk (etterspørsel).
I menyen til venstre vil siste versjon av energiutgreiingane vere tilgjengelege. Ei lokal energiutgreiing kan vere med å forenkle behandlinga av byggeprosjekt og stimulere til auka fokus på framtidsretta og effektiv energibruk i kommunane.
Ta kontakt med Tussa dersom du ønskjer energiutgreiingar frå tidlegare år.