Målarstanden/forbruket på fakturaen stemmer ikkje med avlesinga eg har sendt inn. Kvifor?
Årsaka til dette er at målaravlesinga ikkje er gjort på sjølve avrekningsdatoen for straumrekninga, som er den 1. i månaden. Dette er svært vanleg, og det som då skjer er at det blir gjort ei berekning av forbruket i tida mellom avlesingsdatoen og avrekningsdatoen, basert på estimert årsforbruk og ein standard forbruksprofil.
Ved avlesing før månadsskiftet, vert det berekna forbruket lagt til for å få målarstanden på avrekningsdatoen. Dette viser som ”stipulering maskinelt” på fakturaen.
Ved avlesing etter månadsskiftet vert det berekna forbruket trekt frå for å få målarstanden som var på avrekningsdatoen. Dette viser på fakturaen som ”interpolert”.
Dess kortare tid det er mellom avlesingsdatoen og avrekningsdatoen, dess mindre av forbruket vert berekna. Er avlesinga gjort innan fem dagar før eller etter avrekningsdatoen vil avviket mellom berekna forbruk og reelt forbruk i regelen vere minimalt.
Lukk svar
Kan Tussa kontrollere om målaren min går for fort?
Tussa Nett AS tilbyr gratis kontroll av målar ved mistanke om feilmåling.
I 99 % av alle tilfella går målaren rett, og det er andre årsaker til at forbruket er meir enn kunden forventar. Ved mistanke om feilmåling sender vi ut informasjon m.m. Dersom du etter dette framleis meiner at målaren ikkje er rett, sender du vedlagde svarskjema i retur. Vi vil då ringje deg opp for å avtale tid for målarkontroll.
Lukk svar
Kor lang tid tek eit leverandørbyte?
Korrekt utfylt melding om leverandørskifte må vere Tussa Nett i hende seinast 2 veker før skiftet skal utførast. Det er den nye leverandøren som sender meldinga til oss. Ofte vert leverandørbyte avvist frå nettselskapa fordi opplysningar om målepunkt ikkje er rett. Pass på at du gjev rette opplysningar til den nye leverandøren din.
Lukk svar
Kan eg få kortmålar?
Å tilby kortmålar var ei kostbar løysing både for nettselskapet og kunde. Tilbodet om kortmåling vart avslutta desember 2009. Autogiro er eit bra alternativ.Ta gjerne kontakt med kundesenteret vårt om dette
Lukk svar
Korleis byte kraftleverandør?
Ta kontakt med den kraftleverandøren du vil byte til. Den nye kraftleverandøren vil sende melding til den lokale netteigaren din.
Lukk svar
Kostar det noko å byte kraftleverandør?
Nei, men sjekk om du har bindingstid i kontrakt med den gamle leverandøren din. Har du fastpris med bindingstid, kan du ikkje gå ut av den avtalen. Teiknar du likevel samtidige fastpriskontraktar med endå ein leverandør, kan du risikere å måtte betale dobbel kraftrekning.
Lukk svar
Kvifor har vi nettleige?
Straumnettet kan reknast som kraftforsyninga sitt vegnett, og vi brukar nettet til å frakte kraft fram til stikkontakta di. For dette betalar du ei "fraktavgift" som heiter nettleige, på same måten som bilistane betalar vegavgift for å bruke vegnettet.
Lukk svar
Målaren min bråkar, kva gjer eg?
Har du ein målar som bråkar er dette som regel ufarleg.
Men ta gjerne kontakt med kundesenteret vårt, så sender vi ut personell for å skifte målaren. Dette kostar ikkje noko for deg.
Lukk svar
Korleis lese av målaren over telefon?
Registrering på telefon 800 30 880 (gratis nummer):
1. Målaravlesing – tast 1.
2. Tast inn kundenummer, stadfest med #.
3. Tast inn målarnummer, stadfest med #.
4. Tast inn målarstanden (ta med nullar, men ikkje siffer etter komma), stadfest med #.
5. Stadfest registrert målarstand med #.
Lukk svar
Korleis lese av målaren over internett?
Registrering på Internett: www.tussanett.no.
1. Velg Målaravlesing, og gå inn på Di side
2. Logg inn med kundenummer og PIN-kode.
Viss du ikkje har PIN-kode, klikk anten på "Opprett PIN-kode?" eller "Gløymt PIN-kode?" og følg anvisningane du får.
3. Vel aktuelt målepunkt.
4. Skriv inn dato for ny avlesing (dd.mm.åååå) og den avlesne målarstanden.
5. Klikk på knappen "OK".
6. Trykk «Registrer» for å godkjenne og lagre avlesinga.
Hugs at du har høve til å lagre PIN-kode og kundenummer for seinare bruk.
Lukk svar
Kva er dei vanlegaste årsakene til at forbruket kan synast høgt?
Feilavlesing av målar på siste eller tidlegare avlesing
Manglande avlesing har medført for høg eller låg stipulering
Feil på kunden sitt elektriske utstyr eller anlegg. Td. defekt termostat på varmtvasstanken
Feil på eventuell elektrokjel
Varmeomnar utan termostatstyring og nattsenking
Varmeomnar i uisolerte rom (garasje, bod osb.)
Meir tilkopla elektrisk utstyr enn kunden kjenner til
Lukk svar
Kva er spareavtalen?
Spareavtalen er ein alternativ avtale om nettleige som er meint for kundar som er miljøbevisste og opptekne av å kutte straumkostnadene. Avtalen er berre tilgjengeleg for kundar i Tussa Nett sitt område. Spareavtalen vil løne seg for kundar som er bevisst vinterforbruket og samstundes har eit nokså stort totalforbruk. Spareavtalen er truleg mest aktuell for kundar med alternativ oppvarming eller for kundar som er motiverte til å endre vanane for å spare straum til oppvarming. Alternativ oppvarming kan til dømes vere sentralvarme, varmepumpe eller rett og slett ein vedomn. Men du kan også redusere forbruket ditt om vinteren ved å innføre enkle Enøk-tiltak som å installere sparepluggar på varmeomnar og montere tettelister rundt trekkfulle dører og vindauge. Og hugs - dess meir straum du sparar i vinterhalvåret, dess meir pengar sparar du med Spareavtalen! I praksis fungerer dette slik at du får ein noko høgare pris på overføringa på vinterstid, men ein desto lågare overføringspris om sommaren.
Lukk svar
Kva går nettleiga til?
Det kostar mykje å vedlikehalde og drive straumnettet, og nettleiga er bidraget ditt til å oppretthalde eit solid straumnett. Nettleiga blir mellom anna nytta til utbyggingar og vedlikehald, slik som til dømes skogrydding. På toppen av nettleiga kjem offentlege avgifter, mellom anna moms.
Lukk svar
Kven bestemmer nettleiga?
Staten bestemmer kor stor nettselskapa si inntekt skal vere, og kontrollerer at nettselskapa ikkje krev inn meir enn dei har rett til. Nettleiga er den einaste inntektskjelda til nettselskapa. Kvar kraftkunde må betale for den kraftmengda vedkomande fraktar gjennom nettet, og storforbrukarar betalar meir nettleige enn dei som brukar mindre.
Lukk svar
Kan eg få timesregistrering av forbruket mitt?
Alle som ynskjer det kan få montert utstyr for timesregistrering. Dersom du har eit forbruk under 100 000 kWh må du dekkje utstyret og kostnader med montasje.
Lukk svar