Tussa Nett AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Tussa Nett har monopol på overføring av kraft og linjeutbygging på søre Sunnmøre.
NETTLEIGE
Nettleige er det kunden betalar for transport av krafta frå produsent og fram til husvegg. Meir om nettleige og kva ho blir brukt til finn du
her.
Ny nettleige frå 1. juli 2010
For hushaldskundar er nettleiga frå 1. juli 2010 auka til 27,50 øre pr. kWh inkl. mva. Fastleddet på kr 1 875 inkl. mva. er ikkje endra. I tillegg kjem forbruksavgift og avgift til energifond. Nettleiga for andre halvår 2010 er om lag 3 øre høgare pr. kWh enn i første halvår. For ein gjennomsnittsfamilie betyr dette ein auke på om lag 375 kroner i år. Les meir om auken i nettleiga
her.
FEIL PÅ STRAUMNETTET ?
Feil på straumnettet kan meldast til tlf. 70 04 61 11 heile døgnet. Etter ein feilsituasjon kan du lese meir om
årsaka til feilen.