KVITEGGJA (1691 m.o.h.) HORNINDALSROKKEN (1529 m.o.h.) KÅRDALSTINDANE (1490 m.o.h.) RISESNOSA (1554 m.o.h.) BREKKETINDEN (1578 m.o.h.) SLOGEN (1564 m.o.h.) JAKTA (1588 m.o.h.)
Kraftnett
 


Tussa Nett AS
Langemyra 6 6150 Ørsta
Tlf. 70 04 62 00
Faks. 70 04 62 01
Kundesenter. 70 04 61 00
firmapost@tussa.no
kundesenter@tussa.no
AktueltOrganisasjonØkonomiKontakt ossEnglishJobbe i Tussa
Skriv utWebkamera

Informasjon om feil i kraftnettet

Her finn du oppdatert informasjon over feil i kraftnettet som følgje av uføresette hendingar.

Feilmeldingstelefon 70 04 61 11.
 
31.08.2010 kl. 0913. Utfall i Dalsfjorden ca 3 minutt. pga forbigåande feil.
 
21.08.2010 kl. 10.25. Feil på transformator på Vadstein i Austefjorden.
Kl. 09.42 vart straumen på strekninga Fyrde - Volda kopla ut grunna feil på transformator på Vadstein.
Dei fleste kundane på strekninga fekk att straumen kl. 10.10, men kundar frå trafokrinsane Humberset, Vadstein og Åsemyrane er framleis utan straum.
 
 
13.08.2010 Straumlaust på Sandsøy, Kvamsøy og Åram
Kl 1001 Straumutkopling i Sørbrandal mot Åram, Sandsøy og Kvamsøy grunna varsel om jordfeil.
Kl 1003 Straumen innkopla. Jordfeilen ser ut til å ha gått over.
Kl 1009 Kunde på Kvamsøy melder om halvspenning. Straumen til øyane blir utkopla og montører sendte ut for å feilsøke nærmare.
Straumen blir kopla inn i korte perioder medan feilsøkinga pågår.
Kl 1151 Kundar på Kvamsøy får att straumen, då feilen mest truleg er på Sandsøya eller på sjøkabelen.
Kl 1220 Sjøkabel mellom Kvamsøy og Sandsøy utkopla. Kundar på Sandsøy får att straumen - og feilen ser ut til å vere borte.
Kl 1255 Kunde på Sandsøy melder om halv spenning. Feilsøking fortsetter med periodevise utkoplingar. 
Kl 1358 Feilen er funnen i ei samlemast der 4 linjer går innom. Eine linja har fasebrot, men alle linjene må gjerast spenningslause for å få retta feilen.
Kl 1437 Staumutkopling av store deler av Sandsøya grunna feilretting. Kundar forsynte frå nettstasjonane Strømsnes, Toftesund og Voraland unngår utkopling.
Kl 1555 Feilen er fiksa og alle skal ha fått att straumen.
 
 
24.07.2010 kl. 1043. Straumlaust rundt Flyplassen i Ørsta
Montøarar er på veg for å leggje om nettet og leite etter feilen.
kL.1103 Feilskada kabel er kopla vekk og alle skal ha fått att straumen.
 
20.07.10 kl.2215 Straumbrot i Hjørundfjord.
Årsaka var ein fase på høgspenningslinja som slitna ved Leknes.
Straumen kom att kl.0525 den 21.07.10.
 
16.07.10  Status klokka 04:30 
Romestrand : Trafo må skiftast på dagtid fredag
Bondalseidet : Trafo må skiftast på dagtid fredag 
Krumsvikneset : Trafo må skiftast på dagtid fredag
Klokka 1600:
Krumsvikneset har fått att straumen
Bondalseidet har fått att straumen
Barstadvik Straumlaus grunna transformatorskifte på Romestrand
 
15.07.10
Mange feil i nettet idag. Vikebygda/Bratteberg/Bakkelida/Vassbotnen, Vartdalstranda, Skjåstaddalen, Krumsvikneset, Eggesbøneset  og Bondalen har/har hatt utfall
Dersom du bur andre plassar og er straumlaus bør du ta kontakt med oss på 700 46 111
 
 
09.07.2010 kl. 0846
Kort straumløyse på Bergsneset, Leinøya, Remøya og Runde.
 
08.07.2010 kl. 0946
Blink i lyset og straumlaust frå Bondal til Nordang i ca 6 minutt.
 
26.02.10 kl. 14.50 Vartdal, Ørsta
Fasebrot og jordfeil på høgspentlinja mellom Rjånes og Vartdal. Feilen vart lokalisert kl. 17, og utbetra. Kundnane fekk att straumen kl. 18.45.
 
14.01.2010 KL.2120 Aurgotane, Hareid
Melding frå kundar som er straumlause. Montørvakta rykkjer ut.
Kl.0025 feilen er provisorisk reparert.
 
11.01.10 kl. 12.00
Brytarhavari på Nystøyl. Feilen råka kundane på Kvamsøy, Sandsøy, Nystøyl og Åram. Kundane på Sandsøya, Åram og dei fleste kundane på Nystøyl fekk att straumen kl. 12.38. Kundane på Kvamsøya fekk att straumen kl. 13.39. Kundane på Nystøyl fekk att straumen kl. 15.38
 
11.01.10 kl. 12.00
Fasebrot på Breiviknest mot Sørbrandal førte til utfall i Gursken mot Sørbrandal
Kundane mellom Gursken - Gurskevåg - Haugsbygda fekk att straumen kl. 12.03
Kundane i Larsnesområdet fekk att straumen kl.12.13.
Kundane frå Dalen mot Skredestranda vart utkopla kl.13.30 for å kunne reparere feilen.
Desse kundane fekk att straumen kl. 16.27
 
 
08.01.2010  Kl. 2240
Melding om tre på 132 kV linja mellom Haugen - Håheim, som er hovudforsyninga til ytre. Vi må kanskje kople ut linja for å fjerne treet. Dette kan medføre straumløyse i ytre.
For å sleppe utkopling av linja vil vi bruke spesialsprengstoff og klippe ned treet. Det vert ein kraftig smell i natt.
Kl. 0145 var treet sprengt ned utan at straumen for.
 
08.01.2010  KL. 1945 Hareid.
Melding om halv spenning i Solsteinen og Hovlida. Defekt sikring i nettstasjon. Montør er i sving.
 
05.01.10 Moltu
kl. 17.41 Utfall frå Moltu til Gjerdsvika, Hide og Muren. Alle hadde straum igjen via omkopling etter ca 5 min. Komponentfeil.
 
05.01.10 Volda
Utfall i Volda sentrum kl. 13.01. Straumen blei kobla inn igjen etter eit halvt minutt. Årsak til utfall var høg last i kulda. Omkobling i nettet for å ungå fleire utfall er no utført.
 
24.12.09
Folkestad:
kl. 17.20 Melding om manglande fase på 2042 Flotane.  Montører sendt ut for feilretting
kl. 20.15 Defekt lavspent sikring er skifta og alle har fått straumen tilbake.
 
24.12.09
Ulsteinvik
kl. 14.50 Seksjonering førte til at store delar av Ulstein var utan straum i kort tid.
Kabelfeil i HS-nettet retning Dimna førte til at Dimna og Saunes vart utan straum.
kl. 15.20 prøvekopling i Ulstein. Saunes har dermed straum. 
kl. 15.23 Gjerde og Vågevågen på Dimna har straum.
kl. 15.37 Nettet er delt på Kleiva.
kl. 15.40 Vestsida av Dimna har straum.
kl. 15.45 Hasund til Sundgothaugen har straum.
kl. 16.05 Mislukka prøvekopling. Sundgotmarka og Kleven framleis utan straum.
kl. 16.15 Mislukka prøvekopling mot Åsen og Kvianeset.
kl. 16.45 Prøvekopling frå Kleiva til Sundgothaugen. Mislukka.
kl. 17.05 Straum fram til Sundgothaugen.
kl. 17.13 Åsen har no straum.
kl. 17.20 Byggefeltet i Sundgotmarka har straum.
kl. 17.44 Kvianeset har no straum
Kl. 18.13 Alle skal ha fått att straumen.
Feilen er i ein høgspenningskabel, som er kopla frå.
 
 
19.12.09 kl. 1452
Straumbrot frå Frøystad til Bøe pga feil på høgspentnettet. Innkopling kl. 16.06
 
 
26.11.09 kl. 1105
Straumbrot i Ryste (Ørsta) mot Furene og Eiksundtunnelen i ca 1 minutt. Årsak var problem med omkobling av nett etter feil på Haddal tidlegare i natt.
 
26.11.09  kl. 0155
Straumbrot i området mellom Garneskrysset og Eiksund.
Kl. 03.16 har alle fått straumen tilbake. Årsak til straumbrot er tre på linja på Haddal.
 
17.11.09  Kl. 1526 - kl. 1612
Store deler av Hareid Kommune straumlaus grunna graveskade på Høgspenningskabel.
 
09.09.09  Kl. 0818
Tre på linje på Øye er fjerna og alle har fått straumen tilbake.
Det er ikkje andre høgspent feil i nettet, men nokre mindre lavspent feil grunna vind i natt.
 
09.09.09  Kl. 0613
Det har vore korte straumbrot i Ulstein mot Eiksund og på strekninga Gursken - Dragsund- Jenshomen i Herøy
Straumbrot på Øye i Hjørundfjord. Her er det truleg eit tre som ligg over høgspentlinja.
 
04.09.09 kl. 21.14
Straumbrot frå Treneset til Dale inkludert Dalsbygda og frå Åmela til Rovde. Dette skuldast feil på linja mellom Dale og Aksnes. Omkopla, og alle fekk igjen straumen etter ca 3 min.
 
 
03.09.09 kl. 18.32
Utkopling på Moltu Skule og på Moltu for å kople frå aggeregatet som vart tilkopla i dagmorgon. ferdig kl. 20.05
 
03.09.09 kl. 09.59
Kort utfall pga fasebrudd mellom Hauge og Gjerdsvika. ca 1 min.
 
03.09.09 kl. 02.30
Utfall på Gurskøya i Herøy, og i Sande kommune. Kl. 07.35 er det straumlaust på Moltu Skule, men aggregat blir sett i drift i løpet av morgontimane. På Saure i Haugsbygda vil det vere straumlaust nokre timar framover føremiddagen. På Sandsøya er det kl. 07.40 prøvekoplingar på gang grunna feil.
 
 
19.08.09 kl. 17.02
Utfall frå Steinsvik til Dale inkludert Dalsbygda og frå Åmela til Rovde. Forbigåande feil. Innkopling etter ca 3 minutt.
 
17.08.09 Kl. 1657
Planlagd utkopling av Flø i Ulstein, grunna skifting av øydelagd isolator på høgspenningslinja.
 
17.08.09 kl. 04.40
Utfall i Ulsteinvik mot Flø. Innkobling av kundar mellom Ulsteinvik og Flø etter 2 minutt.  Dei siste kundane på Flø fekk at straumen kl. 0718.  Vind og regn er truleg årsaka.
 
16.08.09  kl. 05.38
Utfall mellom Markane og Grodås. Årsak til utfall var tre på linje ved Sandvik.  2 faser slitt av.  Linje strekk opp at kl. 12.15
 
16.08.09  kl. 04.00
Området fra Åsebø  til Otterdal utan straum.  Årsak var steinras mellom Navelsaker og Otterdal.
Dei siste kundane i Otterdal fekk at straumen kl. 15.40
 
 
15.08.2009 kl. 09.56
Utfall på Bergsneset, Leinøya, Remøya og Runde. Innkopling etter ca eitt minutt. Forbigåande feil.
 
12.08.2009 kl. 12.16
Utfall i delar av Hareid sentrum, Hareidsdalen, Snipsøyrdalen  og delar av Hjørungavåg. Forbigåande feil. Innkopling etter omlag 3 minutt.
 
09.08.2009 kl. 21.12
Hovedforsyninga til Herøy, Sande, Ulstein og Hareid ute. Dette truleg som fylgje av sfæriske spenningar. Herøy og Sande fekk tilbake straumen 21.28, Ulstein 21.29, og Hareid kl. 21.39.
 
06.08.2009 kl. 11.35
Kundane på ytre Dimna fekk atta straumen kl. 11.
 
Kundane på Ulstein vil truleg få att straumen i løpet av tidleg ettermiddag.
 
06.08.2009 kl.10.00
Feilen på Dimna er lokalisert, og store delar av Dimna har fått att straumen. Kundane på ytre Dimna er framleis utan straum. Desse vil vonleg få att straumen i løpet av føremiddagen.
 
I tillegg er nokre kundar på Ulstein råka av ein feil.
 
06.08.2009 kl. 08:30
Utfall på Dimna pga skade på høgspentnettet. Feilretting pågår
 
 
02.08.2009
Straumlaust i Bondalen fra Villebrua til Urke pga brann i stolpe på Riise. Feilretting startar snart. Ferdig ca 10:00-11:00
 
15.07.09 kl. 16.30 kom det eit kraftig torever over området som førte til fleire straumutfall.
 
kl.16.31 Utfall i Åheim mot Sørbrandal førte til at mesteparten av Vanylven var straumlaus i knapt eitt minutt.
kl.16.31 Utfalli Åmela mot Aksnes førte til at det vart straumlaust frå Åmela til Vedeld, Dale og inn til Treneset i ca. 2 minutt.
 
Kl. 17.25 vart trafoen 6420 Lund i Hornindal utkopla for å skifte ei HS- sikring. Innkopla kl. 17.40
 
kl. 18.31 Trafo 5600 Melle øydelagd av lynet.
Trafo skifta kl.22.41 og kundane fekk att straumen
 
ca. kl. 17.35 Kundane under trafo 6730 Furefjerding Indre straumlause pga. at 2 høgspentsikringar rauk. Kundane fekk att straumen kl. 19.25.
 
kl. 19.35  Trafo 6750 Otterdal vart utkopla for skifting av ei gåen høgspentsikring. Innkopla kl. 19.50
 
kl. 20.47 Utfall i Straumshamn mot Bjørkedalen. Innkopla att kl. 20.48.
 
 
11.07.09  Kl. 1205
Kvalsvika i Herøy. Kundane har no fått att straumen. Det var ein stormåse som hadde floge seg inn på transformatoren.
 
11.07.09  Kl. 0920
Telefon frå Kvalsvika i Herøy om straumløyse. Mykje tyder på feil i transformatoren.
 
11.07.09 kl. 05.23
Utfall i Kvalsundbrua mot Igesund. Nerlandsøya straumlaus.
kl. 05.25 Brytaren innkopla att og alle har fått att straume.
 
11.07.09  kl.00.01
Jordfeil i nettet i Ulsteinvik.
kl.00.05 vart nettet mot Dimna kopla ut i ca. 2 minutt.
kl. 00.08 vart nettet mot Skeide og Flø kopla ut.
kl. 00.35 vart nettet delt på Gåsnes, slik at kundane fram til Gåsneset fekk att straumen.
Ein fase hadde falle ned på Roppen, og arbeidet med reparasjon startar opp.
kl.05.07 Feilen er reparert og alle harfått att straumen.
 
29.06.2009 kl. 23.15
Åreflot til Standaleidet var straumlaust til kl. 24.00
 
29.06.2009 kl.20.35
Pga hektisk lyn og torden vart Hareid, Ulstein, Herøy og delar av Sande råka av straumløyse i 3 minutt.
 
17.06.09 kl. 08.32
Utfall frå Volda mot Fyrde-Håvik og Kopa grunna feil. Feilsøking og omlegging av nett pågår.
kl. 09.10 Feilen lokalisert til området mellom Volda-Løvikneset.
kl.09.17 Alle med untak av Rotsethorntunnelen, Grevsnes og Løviknes har fått att straumen
kl.10.03  Grevsnes og Løviknes har fått att straumen.
kl.10.31 Rotsethorntunnelen har fått straum tilbake. 
Feilen er ikkje lokalisert. Austefjorden blir inntil vidare forsynt frå Bjørke.
kl.12.06  Feil i Volda trafostasjon er utbedra og nett er tilbake til normal dele.
 
12.06.09 kl. 06.27
Utfall frå Bondal til Nordang pga jordfeil. Det vart sett spenning på frå Bondal til Villebrua kl 05.44, men derifrå er det straumlaust.  Truleg blir straumen ute til kl. 09.00. Feilen lokalisert på Holen kl. 06.03
 
 
07.06.09 kl. 13.20
Utfall frå Bondal til Nordang pga uforutsett hendelse. Straumen var først borte i  to minutt, sidan måtte det til ei utkopling frå 14.28 til 15.04 på strekninga Ville til Skylstad.
 
05.06.09 kl. 13.39
Forbigåande feil på linja frå Gusdal og framover dalen. Her var det straulaust ca ein halv time.
 
05.06.09 kl. 12.25
Feil på nettet som råka Sande kommune, delar av Vanylven og delar av Herøy. Dei fleste fekk at stabil straumforsyning etter vel ein time, men Haugsbygda frå Haugeli til Hagen og Saure var straumlause utover kvelden til kl. 18.30.
 
30.05.2009 kl. 1507
Feil på høgspenningsbrytar i Fonnabakken, Hareid.
2 andre nettstasjonar vert kopla ut i samband med reperasjonen mellom kl. 1630 og kl. 1730.
Kl. 1706 Kundane har fått att straumen.
 
07.05.09 kl. 08.30
Det har vore 5-6 spenningsdippar i nettet sidan klokka 0708. Feilen er no lokalisert til Stryn. Feilen vil bli utbedra Stryn Energi. Det skal ikkje vere fare for nye spenningsdippar grunna denne feilen.
 
05.05.09 kl.1726
Utfall i Bjørkeområdet, frå Viddal til Kopa. Ukjend feil.
kl. 1755. Feilen er på ein Høgspenningskabel på Kalvatn. Vi vil leggje om nettet slik at flest mogeleg får att straumen.
Kl. 1809 Kundar mellom Viddal og Skjåstaddalen har fått att straumen.
Kl. 1840 då skal dei fleste fått att straumen. Reperasjon av skada kabel vi pågå utover kvelden.
 
05.05..09 kl. 05.19
Utfall i Norangsfjorden frå Leknes til Norang. Ukjent feil. Montører blir sendt for feilsøking. Feilsøking/feilretting vil ta nokre timar.
kl. 0615
Feil lokalisert til Sæbø. Montører er på staden. Feil vil vere utbedra innan kl. 0900
kl. 07.55
Feil er no utbedra og alle skal ha straumen tilbake
 
 
02.05.09 kl. 1520 Feil i Ullaland / Hunnes, Volda
Nokre kundar har vore plaga med halv spenning og blinking. Årsaka er eine tråden på ei blank line som har losna og har kome i kontakt med dei andre trådane. Montørar er på staden.
kl. 1650 Då skal alle ha fått att straumen
 
27.04.09 kl.23.21 Feil i Norangsfjorden
Utfall i Norangsfjorden frå Leknes til Norang. Feilsøking utover natta.
kl. 08.15
Feil lokalisert til fasebrot på Leknesnakken.  Meir folk og utstyr blir sendt til Leknes. Trafoane mellom Øye og Norang blir forsynt med aggregat fra kl. 08.45.  Leknes - Urke vil ikkje få att straumen før reperasjon er avslutta. Dette er forventa ferdig innan kl. 1500
kl. 10.15
Reperasjonsarbeid er i gong.  Forventa innkobling av kundar ca kl. 1200
 
 
27.04.09 kl.08.08
Fasebrot på linja mellom Gjerdsvika og Haugsbygda førte til at det blei straumlaust mellom Sørbrandal og Moltu og Sandsøy. Kl. 08.19 hadde alle fått att straumen.  Utbedring av feilen vil pågå ut over dagen i Gjerdvika, men dette vil ikkje medføre at kunder vert utan straum.
 
18.04.09 kl. 18.54
Kundane på Brandal har no fått att straumen.
 
18.04.09 kl.14.47
Brytarfall på Hareid som råka kundar frå Langeneset og utover mot Brandal. Nett no, kl. 18, er framleis fire nettstasjonar utkopla. Straumen er vonleg tilbake i løpet av kvelden.
 
09.04.09 kl.14.55
Det var oppdaga røyk frå ei høgspentmast ved Nupen. Dette førte til straumløyse i omlag ein time i 17 tida. 
 
08.04.09 kl.20.10
Brytarfall som råka mange kundar på Bergsøya og Nerlandsøya i Herøy kommune. Feilen skuldast ei gås som sat på feil plass då den slo ut med vengene. Kundane fekk att straumen etter omlag 30s.
 
29.03.09 kl 13.21
Utfall i Bondalen til Øye i 1-2 minutt. Utfall skyldast mest truleg tre med tung snø på.
 
28.03.09 kl 20.00
Skaden på Sæbøneset er reparert og aggregat er fråkobla.  Alle er no forsynt på vanleg måte.
 
27.03.09 kl 10.20
Straumløysa i Bondalen skuldast feil på ein høgspentkabel på Sæbøneset. Då det vil ta litt tid å utbetre feilen vil dei aktuelle kundane på Sæbøneset bli forsynte med aggregat.
 
27.03.09 kl. 0021 Fremste delen av Bondalen har fått att straumen.
 
26.03.09 Kl. 2314
Brytarfall grunna jordfeil på høgspenningsnettet i Bondalen. Det var observert lysglimt i området Holen / Mo. Montørar på veg.
 
26.02.09 kl. 06.34
Forbigåande spenningsfall registrert på Åheim og i Dalsfjorden. Spenningsfallet skuldast truleg feil i SFE sitt nett i området kring Nordfjordeid. Feilen medfører at kundane våre på strekninga Åsebø - Otterdal er utan straum. Personell frå SFE arbeider med å lokalisere feilen. Straumen vart kopla inn att kl. 07.38.
 
16.02.09 kl. 15.17
Brytarfall i Bondal trafostasjon grunna tre på høgspentlinja i Bondalen. Tidkrevande feilsøking. Nokre av kundane fekk att straumen etter 2 minutt. Dei siste fekk att straumen kl. 18.28
 
24.01.09 Kl. 1620
Straumlaust i området Gursken - Dragsund - Herøybrua grunna tre på høgspenningslinja.
Kl. 1650 Har dei fleste fått att straumen. 4 transformatorar er utan straum i Tjørvågane.
Høgspenningslinja er skada.
 
Kundane fekk att straumen kl. 20.42.
 
24.01.09 Kl. 1043
Straumlaust mellom Viddal og Kalvatn. Årsak er feil på anleggstransformator til Mesta på Leira.
Feilen fråkopla og alle fekk att straumen kl. 1120
 
12.01.09 kl. 2145
Utkopling frå Gursken til Kjellsund pga feil på Høgspentnettet på Leikongsætra. Kl 21.54 Fekk alle frå Kjellsund til Leikong Øvre igjen straumen, og kl. 2204 Fekk alle frå Gursken til Leikongeidet igjen straumen. 1166 Leikongeidet, 1165 Leikongsætra og 1163 Leikongbakken vart utan straum til feilen var reparert 13.01.09 ca kl. 02.00
 
10.01.09 kl. 18.12
Trafo 1620 Nerland i Kvalsvika  utkopla pga. feil på HS- sikringar.
Innkopla att kl. 19.13
 
10.01.09 kl. 05.02
Utfall i Gursken mot Kjelsund pga. jordfeil.
Dei første kundane fekk att straumen etter 5 minutt, medan dei siste vart innkopla att kl. 07.50.
Feilen var ein gåen isolator og ei gåen klemme på Rafteset.
Sterk vind.
 
05.01.2009  kl. 1108
Utfall mellom Rjånes - Festøy - Trandal grunna tre på linje i fobindelse med skoging. Straumen var tilbake i løpet av 1-3 minutt.
 
22.12.2008 kl. 01.09 Vanylven
Utfall pga sterk vind frå vest. Inn igjen etter 1 minutt.
 
18.12.2008 Ettermiddag-kveld-natt, Herøy og Sande
Mykje problem pga lyn og torden.
Nerlandsøy delvis straumlaus. Trafo Nerland og trafo Kopperstad straumlaus i fleire timar
Røyra straumlaus ei stund.
Moltustranda straumlaus ei stund.
Tarberg strumlaus fleire timar pga trafohavari Nygjerde.
Haugsbygda straumlaus fleire timar.
Knotten straumlaus fleire timar
Kleivatrollet på Moltufjell blir reparert 22.12.2008
Åram straumalus nokre timar
 
13.12.2008 kl.1040 Herøy
Feilen på Nerlandsøya er ein defekt transformator på Nerlandshornet. Denne vert skifta over helga.
 
12.12.2008 kl.2104 Herøy
Nerlandsøya utan straum grunna feil i høgspentnettet i området kring Nerland. Kundane på sydsida av Nerlandsøya fekk att straumen kl. 2138. Kundane i Kvalsvikområdet fekk att straumen kl.2244.
 
 
03.12.2008 kl. 1401
Graveskade på lågspentkabel på Myklebust i Herøy. Feilen medførte at mange breibandskundar var utan breiband nokre timar.
 
 
27.11.2008 Kl. 0232  Herøy
Området frå Elsebø til Runde og Bø er utan straum grunna jordfeil. Folk på veg for å feilsøke.
kl. 0317 Berre Runde og Remøy manglar straum
kl. 0336 Feilen er lokalisert til ein stad på Remøy
kl. 0408 Feilen er på Remøyfjellet. Ein travers er avbrend.  Runde vil vere utan straum til ca kl.09 tida.
kl. 0740 Provisorisk reperasjon er avslutta og alle har fått att straumen
 
 
26.11.2008 Kl. 2342  Hareid
Travers i stolpe på Rise i Hareidsdalen brenn. Heile Hareidsdalen er uten straum i ca et halvt minutt i forbindelse med utkobling av Rise.  Tre trafoar på Rise vil vere utan straum utover natten inntil skaden er reparert. Det kan også bli ein kort blink igjen når Rise skal koblast inn igjen på morgonkvisten.
kl. 0417:  Alle har fått att straumen.
 
25.11.2008 kl.0513 Horningdal
Sikringsbrot på Grimslid. Alle kundane i Navelsaker og Otterdal vart råka av feilen. Straumen vart kopla på att kl. 0715.
 
22.11.2008 kl.1301 Horningdal
Trefall og fasebrot i Holmøyvik. Mange kundar langs Skredestranda vart råka av feilen. Straumen vart kopla på kl. 1558.
 
16.11.2008 Kl. 0040
Alle i Vanylven skal no ha fått att straumen. Midlertidig reparasjon på Vik Indre som må takast att etter helga.
 
15.11.2008 kl. 2300
Kundar på Larsnes og Sandsøy i Sande Kommune har fått att straumen. D.v.s. ein industritransformator er fortsatt ute. Denne vert skifta i morgon, søndag.
I Vanylven er det 2 transformatorkretsar som fortsatt er straumlause. Det går fortsatt nokre timar før dei får att straumen.
 
15.11.2008 kl. 1830
Lynet har herja i Sande og Vanylven. Dette skjedde litt før kl. 1200. 3 transformatorar er defekt og må skiftast. I tillegg er det defekte  sikringar til endå fleire transformatorar. Spesielt er dette i området rundt Larsnes, Sandsøya og strekninga Eidså - Sørbrandal.
 
28.10.2008 kl. 0422
Feil på Høgspenningslinja mellom Hareid og Brandal. Feilsøking pågår.
Kl. 0705. Feil er funne. Det er snøtunge tre som har lagt seg på linja. Venter på motorsag.
kl. 0741. Alle på Brandal skal ha fått att straumen
 
26.10.2008
Linjefeil på Bakkane på linja mot Hide. Dette førte til at alle frå Gjerdsvika til Hide var straumlause frå kl 2130 laurdag 25.10.08 til kl 0404 natt til søndag 26.10.08.
 
25.10.2008
Kundar på Moltu og i Gjerdsvika staumlause frå kl 2130 til 2230 pga feilsøking.
 
25.10.2008
Reparasjon på kabelmuffa på Runde. kl.1400 vart aggregatet stoppa og heile Runde var straumlaus i vel ein time til kabelen vart ferdig tilkopla kl. 15.15. Ny utkopling måtte til kl. 15.44 og til kl. 1554 pga  feil dreierettning.
 
25.10.2008 kl.0141
Trafohavari pga lyn og torden på Hide i Sande kommune. Frå kl.1221 var straumen borte på Stokset, Stoksetfjøra og Gotten. Innkopling kl. 15.23.
 
 
24.10.2008 kl. 1950
Ny feil  på Runde. Denne gongen har lynet teke ei kabelmuffe på høgspenningskabelen som forsyner øya. Reperasjonstid ca. 6 timar. Nødaggregat vert vurdert.
 
24.10.2008 kl. 1442
Feilen på Nerlandsøya er oppe på fjellet. Alle andre skal no ha fått att straumen.
 
24.10.2008 kl. 1400
Runde har fått att straumen.
Fortsatt ukjend feil mellom Teige og Kvalsvik på Nerlandsøya.
 
24.10.2008 kl. 1200
Fortsatt utkopla på Runde grunna feil på Høgspenningsnettet.
Fortsatt feil i Kvalsvika. Ein defekt transformator + ukjent feil.
 
24.10.2008 kl. 1019
Utfall på Nerlandsøya, Remøya og Runde, grunna lyn og vind.
 
17.10.2008 kl. 14.50
Brytarfall i Ulstein trafostasjon, grunna feil i Nettstasjon i Botnen. Dei fleste kundane fekk att straumen kl. 15.16, medan dei siste kundane fekk att straumen kl. 17.44.
 
29.08.2008 kl. 11.20
Eine fasen på 132kV-fjordspennet over Austefjorden slitna og fall ned. Den nedslitna linja kortslutta Tussa sine høgspentlinjer i området, noko som råka mange abonnentar i Austefjorden. Dei aller fleste kundane fekk att straumen kl. 13.20. Nokre av kundane må desverre vente lenger.
 
27.08.2008 kl. 1227
Utkobling av Bjørkedalen i Volda mellom kl. 1227 og 1430. Utkobling grunna øydelagt del på mast.  Permanent reperasjon må utførast torsdag 28.08.08. Same området vil derfor bli utkobla torsdag mellom kl. 0900 og 1800.
 
06.08.2008 kl. 20.50
Straumutfall i Høgspentnettet som råka delar av Hareid sentrum, Brandal, Hareidsdalen, Snipsøyrdalen og til Hjørungavåg skule. Innkopla etter 1 minutt. Forbigåande feil.
 
05.08.2008 kl. 14.55
Straumutkopling som råka Store delar av Sande og noko av Vanylven pga lynnedslag i Haugsbygda. Innkopla etter 3 minutt , men  på Hagen og Hauge ytre er dei fortsatt straumlause. Reperatør på veg.
 
05.08.2008 kl. 0856
Straumlaust frå Hofset Nedre til Hareidseidet pga feil på høgspentnettet på Varleite. Dei fleste fekk tilbake straumen etter ca ein halv time, men kl. 12.25 fekk også dei på Varleite 3 straumen tilbake.
 
05.08.2008  Kl.0008
Feil på høgspenningsnettet i Austefjorden i Volda grunna defekt spenningstransformator til måling, i Fyrde koplingstasjon. Stasjonen er nedsota og må vaskast. Alle skal ha fått att straumen etter omleggjing av nettet.
 
30.07.2008 kl. 18.55
Straumlaust i Vanylven og delar av Sande i tre minutt pga lyn og torden.
 
30.07.2008 kl.17.58
Straumlaust mellom Dale og Steinsvik pga lynskade. kl 20.33 hadde alle fått tilbake straumen bortsett frå dei på trafo Hjelle som måtte vente til kl. 23.07
 
30.07.2008 kl.16.43
Straumlaust på Bjørkedalentil til Straumshamn i eit minutt pga lyn og torden.
 
30.07.2008 kl.16.16
Straumlaust frå Volda til Viddal pga lyn og torden i to minutt. Månaneset var utan straum til kl. 20.10.
 
30.07.2008 kl. 15.19
Utfall frå Kalvatn til Viddal. Truleg pga lyn og torden. Innkopla igjen etter to minutt. Bruabakken var utan straum til kl. 20.15
 
30.07.2008 kl.06.52
Nytt utfall som råka store delar av Ulstein kommune og delar av Hareid kommune. Dei fleste fekk tilbake straumen kl. 06.55, og kl. 07.08 hadde alle fått tilbake straumen.
 
29.07.2008 kl.08.09
Brytarfall i Håheim trafostasjon som råka store delar av Ulstein kommune og delar av Hareid kommune. Alle kundane fekk att straumen kl. 08.12
 
19.07.2008 kl 17.01-17.02
Utfall på Hareid. Vakta har leita etter feil, men med negativt utfall. Dvs at det ikkje er funne feil. Byrjar å tvile på om det kan vere fugl som er grunnen til feilane. Tiltak: Har gjort endring i nettdele. For å begrense utfall. Må gjere ein kort stans på Hareid sentrum i morgontidleg (søndag 20/7) kl 07.30 for å endre nettdele.
 
19.07.2008 08.47
Utfall på Hareid. Fugl? Siste kunde fekk tilbake spenninga kl. 08.52
 
12.07.2008 10.39-10.40
Utfall på Hareid. Fugl?
 
12.07.2008 23:15-23:45
Kundar på Ulvestad (Lauvstad) var utan straum i 30minutt pga skifte av defekt sikring i stolpe.
HM
 
26.05.2008 kl. 12.58 Moltu - Gjerdsvika
Utfall i Moltu mot Gjerdsvika. Årsak var fugl som hadde plassert ein grein på linja på Moltu. Grein blei fjerna og alt var innkobla at kl. 13.21.
 
26.05.2008  kl. 11.09  Ulsteinvik
Utfall frå Garnes krysset til Eiksund, Eika, og Ringstaddalen skyldast gravemaskin som grov av kabel på Eika.  Innkobling kl. 1145 med unteke av Eika og Yksnøy.   Desse vil bli utan straum fram til ca kl. 21.00.
 
 
11.04.2008 kl 20.25 Bølandet på Leinøya. Feilen oppdaga ved Steinsvika ca kl. halv sju.
Utkopling frå Frøystadskardet til Bøe pga feil på HS-nettet. Utkopling ca ein halv time.
 
06.04.2008 kl.1247 Indre Dalsfjor i Volda
Straumlaus grunna ein tråd på Høgspenningslina held på å brenne av ein stolpe på Eidset.
Kl. 1429 Fekk alle att straumen.
 
31.03.08 kl.2120 Fleire utfall på strekninga Bjørdal til Nordang pga jordfeil på HS-nettet.kl. 2230 vart feilen oppdaga og reparasjon oppstarta. kl. 0257 hadde alle straum igjen.
 
24.03.2008  kl. 10.25 Nerlandsøya i Herøy kommune
Straumbrot grunna jordfeil i høgspentnettet. Kundane på strekninga mellom Kvalsundbrua og Koparstad var utan straum til kl. 12.58. Også andre kundar på Nerlandsøya opplevde korte straumbrot som kom grunna feilsøking.
 
18.03.08 kl.10.38 Utkopling mellom Garnes og Eiksund pga feil på høgspentnettet. Feilen vart utbetra kl. 11.45
 
24.02.08 Kl. 0956 Larsnes i Sande
Trafo i Smalebakken er defekt og må skiftast
Kl. 1334 Alle skal ha fått att straumen
 
22.02.2008 kl. 15.42 Stavset.
Trafoen som vart råka av lynet, er no skifta.
 
22.02.2008  kl. 0753 Vanylven
Skjervheim er utan straum
kl. 0955 :  Alle har fått straumen igjen.
 
22.02.2008  kl. 0730 Ørsta
Stavset er utan straum, trafohavari etter lynnedslag. Ny trafo på plass i løpet av dagen.
 
21.02.2008 kl.2314 Ørsta
Jordfeil på linje i Bondalen. Fleire korte utkoblinger for å lokalisere feilen
kl. 2333: Utkobling av trafo på Krøvel grunna brann i trafo
kl. 0400: Skifting av trafo pågår.
kl. 0445: Trafo i Krøvel er skifta
Korte utkoblingar kan forventast grunna feilsøking etter jordfeil utover morgentimana
 
21.02.2008 kl.2310 Ørsta
Melding om straumlaust på Øra trafo i Hjørungfjorden.
Feil vil bli retta i løpet av natta/tidleg morgon
kl. 09.40:  Straumen er tilbake.
 
 
21.02.2008 kl.2256 Volda
Dale - Åmela utan straum i ca 1 min. grunna utfall av linje mellom Åheim og Bryggja pga torever og vind.
 
21.02.2008 kl.2136 Vanylven
kl. 2136: Utfall av området Åheim - Fiskå- Vedeld
Fleire korte utkoblinger ifbm lokalisering av feil.
kl.2143: feil lokalisert til Nordalen. Forsyninga til resten av Vanylven er tilbake
kl. 0330: Linje i Nordalen er reparert
kl. 0400: Alle har straumen tilbake
 
 
21.02.2008 kl. 2112 Herøy
kl. 2112: Utfall av heile Nerlandsøy i ca 1 minutt. Kvalsvik trafo krets er utan ein fase
kl. 2150: Kort utkobling av Nerlandsøy for å lokalisere feil. Montørar på staden
kl. 2229: Utfall av Nerlandsøy igjen i ca 3 min.
kl. 0123: Kvalsvik trafo er skifta og alle har straumen tilbake.
 
21.02.2008 kl. 2055 Volda
Kort utfall på ca 1 min. mellom Fyrde og Håvik. Truleg grunna toreveret
 
 
 
27.01.2008 kl. 0117 Hareidsdalen og deler av Hjørungavåg
Feil på høgspenningsnettet. Folk på veg for å leite etter feilen.
Kl. 02.46 Alle bortsett frå dei som er forsynt frå trafoane Ned-Rise, Risesvingen og Fram-Rise har           fått att straumen.
Kl. 0352 Feilstaden er no funnen. Øydelagt travers. Linja vil no verte delt slik at alle kan få att straumen.
Kl. 06.01 Dei siste har fått att straumen.
 
 
25.01.2008 kl.1116 Dalsjorden - Lauvstad - Vedeld
Vestsida av Dalsjorden - Lauvstad - Vedeld utan straum. Kl. 1120 fekk Aksnes - Åmela att straumen. Aksnes - Vedeld ligg ute. kl. 1230:Linje mellom Telseth og Ulvestad er nedrive av tre.  Feilsøking etter fleire feil fortsett.
Kl. 1330: Feil lokalisert til Aksnes og Telseth. Det vil ta nokre timar før alle får att straumen.
Kl. 1450: Feilretting starta på Aksnes
Kl. 1654: Straumen tilbake mellom Aksnes og Ulvestad. Telset og Torvik vil bli utan straum utover kvelden ein stund.
 
 
25.01.2008 kl.1046 Sandsøy
Sandsøy ute grunna ukjent feil. Montørar blir sendt til Sandsøy for feilsøking.   Kl. 1250 har Voksa og Sør dela av Sandsøy fått tilbake straumen. Feilsøking i området Våge - Sandshavn pågår fortsatt.
Kl. 1450: Feilsøking pågår fortsatt, aggregatdrift vert vudert. Korte utkoblingar av Voksa og Søre delen av Sandsøy må forventast.
kl. 1610:  Aggregat er på vei til Sandsøy
Kl. 1730:  Feil er funnet og utbedra. Alle vil ha straumen tilbake innan kort tid.
 
25.01.2008 kl.0957 Sørheimstranda
Sørestranda til Berknes og Steinnes ute grunna ukjent feil. Feilsøking pågår.
kl. 1310:  Tre på linje er lokalisert og blir no fjerna.
kl. 1327:  Alle har fått straumen tilbake.
 
25.01.2008 kl.0944 Follestaddalen - Standal - Festøy - Vartdal
Feil på linje mellom Follestaddalen - Standal - Festøy - Vartdal.  Follestaddalen - Standal fekk at straumen etter kort tid.  kl. 1040 har dei fleste fått att straumen. Trafoar i Erdal fortsatt ute grunna stort grantre på linje. Rydding pågår, men vil ta litt tid. Kl. 1107 har alle fått att straumen.
 
 
20.01.2008 kl. 2046
Gursken - Kjelsund - Moltu. Utkopling i få sekund pga forbigåande feil i høgspentnettet.
 
17.01.2008 kl. 0743
Ulstein, Gåsneset. Alle har fått att straumen
 
17.01.2008 kl. 0650
Ulstein, Gåsneset. Feil på høgspenningsnettet. For å kunne reparere denne måtte vi kople ut nettet frå Ulstein skule til Flø. Dette skjedde frå kl.0719 - 0743.
 
16.01.2008 kl. 2258
Fiskå. Alle har fått att straumen
 
16.01.2008 kl. 2200
Fiskå. Det vert straumlaust mellom Sighaug og Strand for reperasjon av ein 22 kV høgspenningsbrytar.
 
16.01.2008 kl. 2134
Feilen i Hjørundfjorden er reparert og alle skal ha fått att straumen.
 
16.01.2008 kl. 2000
Feilen i Hjørundfjordstranda er funnen og vert reparert.
 
16.01.2008 kl. 1900
Folket på Vartdal- og Hjørundfjordstranda skal ha fått att straumen. Vi har ikkje funne årsaka til feilen, men montørane vil søkje langs linja. Det kan verte nye utkoplingar.
 
16.01.2008 kl. 1741
Straumlaust frå Nordre Vartdal til Festøy og inn til Stavset i Hjørundfjord. Det er feil på 22 kV høgspenningsnettet. Montører er på veg.
 
05.01.08 kl. 1058. Kort utfall i Bondal mot Sæbø og Øye. Truleg vind.
 
05.01.08 kl. 0805.  Utfall i Volda mot Fyrde til Håvik og Kolfossen.  Trefall på linja pga sterk vind frå søraust. Dei fleste fekk tilbake straumen kl. 09.10, men på Humberset og Vadstein måtte dei klare seg utan straum heilt til kl.1225
 
28.12.07 kl. 1551. Straumlaust frå Gursken til Eidså, Kvamsøy grunna jordfeil. Feilsøking medførte fleire korte utkoplingar. Dei fleste kundane fekk att straumen kl 1701. Kundar i Skredestranda var straumlause til kl 1902 grunna fasebrot på linja ved Dalen.
 
28.12.07 kl. 0040. Utfall på 2 minutt mellom Gursken, Eidså, Kvamsøy grunna torever.
 
25.11.07 kl. 1758 Utfall på 1 minutt mellom Straumshamn og Håvik grunna forbigåande jordfeil. Dette truleg pga kraftig vind og snø.
 
24.11.07 kl. 1008. Kort utfall frå Årflot - follestaddal - Standal - Hjørungfjorstranda - Trandal - Festøy - Barstadvik - Masdal, grunna feil på Follestad, der det måtte skiftast sikringar. På Follestad var det halv spenning fram til 11.30 då feilen vart fiksa.
 
24.11.07 kl. 0316 Utfall på 2 minutt frå Eidet - Kvanndalen - Bjørdal. Årsak til utfall var kraftig vind.
 
22.11.07 kl.0715. Kort utkopling på Bergshaugen, Bergsneset, Leinøya, Remøya og Runde, grunna forbigåande feil.
 
11.11.07 kl.1026. Straumlaust i heile Tussaområdet pga. feil på overliggande nett. Gjeninnkoplinga starta kl 1036, med unnatak av Ytre Herøy der dei ikkje fekk tilbake straumen før kl. 1309. Feil mellom Festøya og Standal. Innkopling kl. 1400.
 
09.11.07 kl. 0235. Straumlaust frå Syvde i Vanylven og Dalsfjorden i Volda.
Vinden slo til på ny.
Straumen var vekk i 3 minutt.
 
09.11.07 kl.0134 Straumlaust i Vanylven og Dalsfjorden i Volda.
Det var vinden som slo til nok ein gong.
Straumen var vekk i 3 minutt.
 
08.11.07 kl. 2340 Straumlaust mellom Dale og Åmela i Dalsfjorden
Det var vinden som herja. Straumen var vekk i 3 minutt.
 
07.10.07 kl.03.33 Eidså - Sørbrandal
Brytaren i Sørbrandal mot Eidså fall ut på kortslutning.
Kl. 05.31 fann vi ei stor gran som låg over linja.
Kundane mellom Sørbrandal og Sandnes fekk att straumen kl. 05.40
Kundane mellom Sandnes og Eidså fekk att straumen kl. 08.00
 
28.09.07 kl 0003 Gursken - Sørbandal
Utfall av 22 kV høgspenningslinja.
Årsaka til feilen var ein avbrend fase
Kl. 0725 skal alle ha fått att straumen.
 
25.09.07 kl. 0720 Markane - Skredestranda
Utfall mellom Markane og Skredestranda. Fleire tre på linja grunna kraftig vind.
kl. 1147 Alle har fått straumen att.
 
25.09.07 kl. 0203  Syvde - Vedeld
Straumlaust frå Syvde til Vedeld. Årsak er ukjend, men feilsøking pågår.
Kl. 0307 Straumen tilbake mellom Syvde og Rovde kirke, men det kan bli kortvarig utkobling grunna feilsøking / feilretting.
Kl. 0415 Feil er lokalisert til avblåst grein på linje ved Vedeld.
Kl. 0523 Alle har fått straumen att.
 
24.09.07 kl. 2353 Åsebebø - Otterdal
Straumlaust frå Åsebø til Otterdal.  Årsak var kraftig vind og tre på linje.  Linje rydda og straum tilbake kl. 0407.
 
21.09.07 kl. 1942
Straumlaust i Ulstein, frå sentrum til Eiksund i 1 minutt grunna torever.
Ein mastetransformator tok fyr på Garnes og området måtte gjerast straumlaust i 1 time og 13 minutt. Dei som vert forsynt frå den skadde trafoen vil verte forsynte frå eit nødstraumsaggregat.
Også eit hus vart brannskada av toreveret.
 
21.09.07 kl. 1932
Gjerdsvika i Sande straumlaus 1 minutt grunna torever.
 
14.09.07 kl. 0644
Straumlaust i Heltne - Bratteberg, grunna feil på ein 11 kV kabel.
Etter ein del prøvekoplingar, fekk alle att straumen kl. 0832
 
13.09.07 kl. 23.31
Kontrollert utkopling av strekninga Rjånes - Standal grunna fasebrot på høgspentlinja utanfor Rjånes. Straumen vart kopla på att kl. 02.05
 
08.08.07 kl. 10.11
Utfall i Bjørdal mot Bondal. Straumlaust frå Bjørdal til Moe og til Standal Sandtak.
Innkopla att kl. 10.12
 
08.08.07 kl.08.26
Brytarfall i Ørsta mot Bjørdal. Straumlaust frå Moe til Standal Sandtak og til Bjørdal.
Årsaka til utfallet var feil på ein måletrafo i Ørsta trafostasjon. Feilstaden vart fråkopla og alle fekk att straumen kl. 08.47
 
07.08.07 kl.06.30
Brytarfall i Hareidsberget mot Gomyra. Innkopla att kl. 06.31.
Årsaka var ein måse som laga jordslutning.
 
01.08.07 kl.07.15
Brytarfall i Hareidsberget mot Vabakken. Straumlaust frå Vabakken til Hjørungavågen.
Innkopla att kl.07.47. Årsak ukjent , men truleg fugl.
 
25.07.07 kl. 1402
Brytarfall i Vedeld kraftverk på Rovde i Vanylven. Dette førte til straumløyse i 3 minutt mellom Rovde og Aksnes i Dalsfjorden. Årsaka var jordfeil på høgspenningsnettet.
 
19.07.07 kl. 2014
Brytarfall i Vedeld kraftverk på Rovde i Vanylven. Dette førte til straumløyse i 3 minutt mellom Rovde og Aksnes i Dalsfjorden. Årsaka var ein feil i anlegget til North Cape Minerals As på Åheim .
 
17.07.07 kl. 1200
Feil på høgspenningsnettet i Bondal i Ørsta. Utkopla frå Bondal til Øye. Feilen er reparert og straumen påkopla kl. 1349. Årsaka til feilen var ein fugl som tende ein lysboge, som vart ståande å brenne. Dermed small isolatoren og det vart ein varig feil.
 
17.07.07 kl 0556
Kort utkopling frå Bondal til Norangshol pga jordfeil. Ca 15 sekund.
 
12.07.07 kl 0445
Brytarfall i Volda mot Austefjorden. Tidkrevjande å lokalisere feilen. Abonnentar på strekninga Volda - Fyrde - Skinvik vart råka av feilen. Dei siste abonnentane fekk att straumen kl 12.03.
 
09.07.07 kl 0753
Kort utfall frå Straumshamn til Bjørkedalen ukjent feil.
 
08.07.07 kl 1654
Kort utfall frå Ørsta til Bjørdal og frå Bjørke til Kalvatn truleg pga atmosferiske spenningar.
 
08.07.07 kl 1554
Alle har no fått att straumen. Kort blink mellom Festøy og Standal grunna omlegging av nett.
 
08.07.07 kl 1302
Feilen er lokalisert til Stavset, Standal. Omlegging av nett startar no opp. Forventa at Trandal og Standal har straumen att ca kl. 1400.  Årsak til utfall var feil på brytar på Stavset. Defekt brytar som fall ned på tørt gras har medført gras og lyngbrann i området. Stavset trafo vil derfor bli liggande utan straum ei stund til.
 
08.07.07 kl 1159
Utfall på strekninga Rjånes-Vartdal-Festøy-Standal-Trandal. Straum tilbake på strekninga Rjånes-Standal kl. 1204.  Feilsøking på resten av linja pågår.
 
03.07.07  kl. 1733
Kort utkopling (ca. 1 minutt) på strekninga Eiksund - Garneskrysset - Hareidseidet.
Årsak: Omlegging av høgspenningsnettet.
 
28.06.07 kl. 0854
Utfall i delar av Volda sentrum og området nedanfor ungdomskulen. Årsak til feil var avgreven kabel. Dei første kundane fekk straumen att kl. 0915.  Dei siste fekk straumen att kl.0934
 
19.06.07 kl 2304
Utkopling av Flatøy, Kvamsøy, Marøy, Sandsøy og Voksa grunna feil på kabel mellom Kvamsøy og Sandsøy. Kvamsøy fekk att straumen kl. 2311. Flatøy, Marøy og Voksa kl. 0101, medan siste abonnentane på Sandsøy fekk att straumen kl. 0134.
 
18.06.07 kl 0617
Brytarfall i Åheim i samband med innattkopling etter planlagt arbeid på Fiskå. Dei siste abonnentane fekk att straumen kl. 0639.
 
16.06.07 kl 0450
Kort utfall frå Syvde til Aksnes via Rovde.
 
09.06.07  kl.2015
Utfall i Åheim, truleg grunna fugl på linje. Områda mellom Åheim og Nystøyl/Eidså/Syvde og Vedeld til Aksnes var utan straum i 3 minutt.
 
03.06.07 kl.1405
Feil på kabel til trafo 0887 Longva Mek i Haugsbygda.
Kundane vil få att forsyninga i løpet av kvelden, då det vil bli oppsett eit aggregat.
 
31.05.07 kl 0710
Halv spenning på Teige på Nerlandsøy. Montørar sendt til staden. Gåen kabel. Utkopling frå Kvalsundbru til Kvalsvik frå 13.47 - 14.23 på grunn av naudsynt koplingsarbeid.Teige innkopla 14.40.
 
30.05.07 kl.0907
Feil i Austefjorden frå Fyrde til Skinnvik og Sundalen. Dette grunna feil i Sundalen. Alle bortsett frå Sundalen fekk igjen straumen kl.09.54. Reparasjon blir utført i løpet av ca 2 timar. (Innkopla 12.28)
 
08.05.07 kl 1221
Feil i Snipsøyrdalen, Hareid.
Melding om halv spenning. Årsaka var feil på ei tilkopling på ein høgspenningskabel.
Feilen retta kl 1411
 
01.05.07 kl 0023
Alle har no fått tilbake straumen og reparasjon er avslutta.
 
30.04.07 kl 2304
Alle har fått tilbake straumen med unntak av nokre kundar på Elsebø og Flusund. Desse vil få at straumen ca kl. 0030 når skaden er reparert.
 
30.04.07 kl 2223
Leinøy, Remøy og nokre kundar på Bergsøy er utan straum. Årsak er brudd på linje på Bergshaugen på Bergsøy.
 
30.04.07 kl 1449
Storholmen i Sande er utan straum grunna kabelfeil mellom Kvamsøy og Skjeret. Etter planen skal det leggjast ny kabel i løpet av veka. Haugsholmen er forsynt frå aggregat.
 
19.04.07 kl 1221
Utfall i Ulsteinvik. Det er grunn til å tru at dette skuldast sterk nordavind og tung snø. Vi har delt opp nettet, men veit enno ikkje kvar feilen ligg. Dette er ein periodisk feil, og ikkje lett å finne.
 
19.04.07 kl 1221
Tre utfall i Ørsta mot Meieriet, Osestrand, Rystene, til Berkneset + Furene og delar av Hovdebygda. Feilen skuldast truleg overlast i samband med arbeid i nettet. Nettet er no lagt om slik at feilrisikoen er tilbake til normalen.
 
24.03.07 kl. 1730
Telefon frå Flåvær om straumløyse.  Feilen var utbetra klokka 21.55.
 
24.03.07 kl. 1720
Telefon om røyk frå kabelskap på Larsnes. Ei mindre utkopling måtte til for å utbetre feilen. Om lag 30 abonnentar vart råka av feilen.
 
19.03.07 kl.0214
Vikebygda mot Helgatun gjeninnkopla.
 
18.03.07 kl. 2350
Utkopling i Vikebygda mot Helgatun for å redusere skadane på defekt brytar på Fremmerlid. Førebuingar til å reparere feilen starta.  Forventa at feilen er retta i løpet av 2 timar.
 
18.03.07 kl. 2306
Brytarfall i Vikebygda mot Helgatun. Innkobling etter nokre sekund.  Årsak var feil i brytar på Fremmerlid.
 
18.03.07 kl. 2036
Brytarfall i Moltu mot Gjerdsvika grunna feil i Gjerdsvika. Gjenninnkopla etter 1 minutt.
 
14.03.07 kl. 1600 Ingen feil funnen i Austefjorden. Dersom nokon observerer lysblink frå høgspentlinjene i området Fyrde og omegn ber vi om at dette blir meldt til Tussa då vi har hatt fleire utfall i området siste dagane. Sjå under.
 
13.03.07 kl. 2354
Brytarfall i Volda Transformatorstasjon mot Austefjorden, ukjent feil. Alle frå Volda til Måna og til Vikestrand mellom Håvik og Høydal berørt. Innkopla etter 1 minutt.
 
13.03.07 kl. 1423
Brytarfall i Volda Transformatorstasjon mot Austefjorden, ukjent feil. Alle frå Volda til Måna og til Vikestrand mellom Håvik og Høydal berørt. Innkopla etter 3 minutt.
 
13.03.07 kl. 0900 Leitar etter feil.
  
12.03.07 kl. 2151
Brytarfall i Volda Transformatorstasjon mot Austefjorden, ukjent feil. Alle frå Volda til Måna og til Vikestrand mellom Håvik og Høydal berørt. Innkopla etter 3 minutt.
 
12.03.07 kl. 1926
Brytarfall i Volda Transformatorstasjon mot Austefjorden, ukjent feil. Alle frå Volda til Måna og til Vikestrand mellom Håvik og Høydal berørt. Innkopla etter 3 minutt.
 
12.03.07 kl. 1631
Kundane i Austefjorden har fått att straumen.
 
12.03.07 kl. 1230
Brytarfall i Volda Transformatorstasjon mot Austefjorden, grunna feil i mellom Fyrde og Høydal. Kundar mellom Fyrde og Høydal er straumlause.
 
11.03.07 kl. 06.43
Brytarfall i Dale kraftstasjon mot Åmela grunna steinras mellom Indre Dale og Fjøsneset. Sidan raset sperra vegen tok det litt ekstra tid å gjere dei naudsynte koplingane. Alle kundane fekk att straumen kl. 08.32.
 
10.03.07 kl. 11.45
Brytarfall i Åram koplingsstasjon som medførte at Sandsøya og Voksa var utan straum i eit minutt. Forbigåande feil med ukjend årsak.
 
07.03.07 kl. 10.33
Naudsynt utkopling på Brekke i Ørsta grunna arbeid på transformator. Kundane fekk att straumen kl. 11.42
 
06.03.07 kl. 13.55
Brytarfall på Hareidseidet. Hareidsdalen og Hjørungdal utan straum i ca 1 min. Årsak er truleg fugl.
 
21.02.07 kl. 17.37
Brytarfall på Elsebø mot Leinøy, Remøy og Runde. Innkopling etter 1 minutt. Brytarfall skyldast torever.
 
11.02.07 kl. 20.07
Brytarfall i Halkjelsvik trafostasjon. Abonnentar i området kring Høgskulen og framover mot Bratteberg blei råka av straumbrotet. Problemet var ein kabel mellm to nettstasjonar. Alle abonnentane fekk att straumen i løpet av ein time.
 
 
09.02.2007 kl.2256
Linjebrudd på Kvamsøya førte til at Kvamsøya var utan straum natt til laurdag. Kundane frå Gursken til Eidså og Nystøyl + Sandsøya var berørt ei kort tid. Det var veldig vanskeleg å finne feilen, og søre delen av øya fekk at straumen 05.48. Norddelen av øya er forventa å få att straumen laurdag føremiddag mellom 10.00. og 11.00. 
 
04.02.2007 kl.08.35
Straumlaust mellom Kjøs bru og Skredestranda. Avbrend stolpe mellom Sandvik og Holmøyvik. Provisorisk reparert, og alle fekk tilbake straumen kl. 08.35.
 
04.02.2007 kl.04.04
Utfall i Markane mot Skredestranda og Svor. Feilsøking pågår.  Kl. 0600 har dei fleste fått att straumen.  Feilen er ikkje funnen, det kan derfor bli kortvarig utkopling ism omlegging / feilsøking på nett.
 
03.02.2007 kl.10.54
Utfall i Ørsta mot Bjørdal. Forbigåand feil på linja. Truleg ras. Alle fekk att straumen kl. 11.15
 
02.02.2007 kl. 15.57
Kortvarig blink i lysa skyldast utfall av 132kV linje mellom Sykkylven og Ørskog.  Ingen kundar skal vere utan straum.  Linja blei innkopla igjen etter kort tid.
 
02.02.2007 kl. 13.53
Straumlaust mellom Rjånes og Kvithaug mellom kl. 13.53 og 14.23 grunna reparasjon av defekt brytar på Trollskjær.
 
02.02.2007 kl. 12.21
Utkobling på Festøy og Gjølaks mellom kl. 12.21 og 12.55 grunna reperasjon av brytar.
 
01.02.2007 kl. 18.47
Straumlaust mellom Stavset Indre og Vartdal fram til kl.19.40. Årsaka var truleg ein feil på ein brytar på Festøya.
Kundane på Steinholen fekk att straumen kl. 20.12
 
31.01.07 kl. 10.27 til 10.48
Utkopling av kundane mellom Lillebø og Sætre indre i Haugsbygda i Sande pga. ombygging.
 
31.01.07 kl. 08.49
Kort utkopling i Ørsta sentrum (øvre) pga naudsynt omlegging.
 
30.01.07 kl. 08.22
Snøras i Morkagylet og Vollagylet i Ørsta førte til utfall på kundane under Rjånes, Elsebø, Moltu og Gursken. (Herøy)
Dei fleste abonnentane fekk att straumen kl. 08.25, medan abonnentane mellom Rjånes og Ørsta sentrum fekk att straumen kl. 08.35.
 
29.01.07 kl. 20.55
Utfall mellom Tomasgard og Støverstein pga. snø.
 
29.01.07 kl. 17.32
Kvamsøya ute. Kortslutting. Sørebrandal til Nystøyl innkludert Sandsøya var også berørt men der var det berre ein blink i lyset. To mann på veg med ferga 18:15 frå Åram. Noko forsinka ferge gjorde at mannskapet ikkje var framme før 19.25. 20.50 hadde alle fått tilbake straumen.
 
18.01.2007 kl. 1308
Feilen som medførde brytarfallet i Dale kraftstasjon tidlegare idag er no utbetra.
 
18.01.2007 kl. 0741
Brytarfall i Dale kraftstasjon mot Aksnes. Feilen vart raskt isolert, og abonnentane fekk att straumen kl. 0745. Det var kundar på strekninga Dale - Treneset som vart råka.
 
16.01.2007 kl. 0245
Tre er fjerna frå linja og alle kundane i Dalsfjorden har fått igjen straumen. Men det vil bli utkobling på 0,5 - 1 time mellom Aksnes og Skrubbenes seinare i dag for å reparere skade på linje permanent.
 
16.01.2007 kl. 0100
Feil på linje mellom Aksnes og Vedeld. Årsak truleg tre på linje. Folk på vei for å rydde.
Aksnes-Åmela og Dale var utan straum ein periode av same årsak, men her er straumen tilbake igjen.
 
 
15.01.2007 kl. 1800
Alle kunder skal ha fått att straumen.
 
15.01.2007
Mange mindre feil på nettet idag pga vind og torevèr :
12:41 Alle kundane  under Nordre -Vartdal / Årskog / Sørestrandbakken har no fått att straume. 
11:21 Avgang Koppen i Nordalen (Syvde) utkopla pga brann i høgspentbrytar i stolpe. Feilretting pågår. 18 kundar straumlause
10:30 Nordre-Vartdal/Årskog/Sørestrandbakken utkopla pga bytte av trafo på Sørestrandbakken. Utkoplinga vil vare omlag 3 timar.
10:10 Mogleg feil på lavspentkabel på Bigset. Montør ser på saka no..
ca10:00 Halv spenning meldt frå Steinnes i Ørsta. Feil ukjendt ennå.
09:54 Brytarfall Follestaddalen. Innkopla etter omlag 1 minutt.
09:44 Heggjabygda i Hornindal straumlaus pga feil på trafo. Feilretting pågår
09:30 Brann i stolpe i  Tverrberg mellom Aksnes og Syvde. Feil retta etter kort utko
Målaravlesing Energiutgreiing Nettariffar Feilmelding Eltryggleik