Det kraftige toreveret torsdag ettermiddag førte til straumbrot fleire stader i Volda og Ørsta. Dei fleste kundane har fått straumen tilbake.
Mykje av nettet datt ut på grunn av lynnedslag, og i Ørsta var det kundar i områda rundt Vartdalsstranda, Skjåstaddalen, Bondalseidet og Romestrand i Barstadvika som vart straumlause. I Volda gjekk straumen hos kundar i områda rundt Krumsvikneset og Bratteberg.
- På Romestrand er 10 kundar utan straum, og montørar er i gong med å skifte trafoen der. I tillegg har vi fire kundar utan straum på Krumsvikneset. Også her er vi gong med arbeid med trafoen, kunne Helge Muren, leiar av tenesteseksjonen i Tussa opplyse klokka 0900 fredag morgon.
Stoppa kraftverk
I tillegg stoppa fleire av Tussa sine kraftverk under toreverket, og det var røykutvikling ved Vatne kraftverk i Ørsta. Folk frå kraftverkseskjonen i Tussa var fredag morgon på staden for å sjekke skadeomfanget. Dei fleste kraftverka var då sett i drift igjen, med unntak av Vatne, Bjørdal og Trandal kraftverk. Klokka 12 var Bjørdal og Trandal kraftverk i gong igjen, medan Vatne framleis sto.
Mista kommunikasjon
Under uveret mista Tussa sambandet til kommunikasjonsanlegget som står plassert på Eitrefjell ved Bondalseidet i Ørsta. Også her er folk frå Tussa i gang med arbeidet.