KVITEGGJA (1691 m.o.h.) HORNINDALSROKKEN (1529 m.o.h.) KÅRDALSTINDANE (1490 m.o.h.) RISESNOSA (1554 m.o.h.) BREKKETINDEN (1578 m.o.h.) SLOGEN (1564 m.o.h.) JAKTA (1588 m.o.h.)
Kraftnett
 


Tussa Nett AS
Langemyra 6 6150 Ørsta
Tlf. 70 04 62 00
Faks. 70 04 62 01
Kundesenter. 70 04 61 00
firmapost@tussa.no
kundesenter@tussa.no
AktueltOrganisasjonØkonomiKontakt ossEnglishJobbe i Tussa
Skriv utWebkamera

Tussa talentpris til Anders Fannemel

Fredag 2. juli fekk skihopparen Anders Fannemel tildelt Tussa sin talentpris. Fannemel vart nyleg plukka ut til det norske B-laget og markerte seg i verdstoppen med ein 10. plass i verdscupen i 2009.

19-åringen frå Hornindal starta med skihopp som 12-åring, og markerte seg raskt som ein talentfull hoppar. I 2007 debuterte han internasjonalt i FIS-cupen i Falun, og i verdscupen i 2009 tok han 10. plassen på Lillehammer i desember. Så langt i 2010 er beste resultat ein 11. plass i junior-VM i Hinterzarten.
 
Sponsorkontrakt med Tussa

Fredag 2. juli fekk Fannemel tiltelt Tussa sin talentpris på 10.000 kroner. I tillegg vil Tussa sponse skihopparen med 20 000 kroner dei neste 3 åra. Under overrekkinga på kommunehuset i Hornindal fekk Fannemel også ein sjekk på 5000 kroner frå Hornindal kommune saman med kommunen sitt skjold.

Anders Fannemel var svært takksam for sponsorkronene, og fortalde om store ambisjonar for det neste året. Håpet er å kome med på A-laget, og på sikt er draumen å bli verdsmeister.
 
Tussa talentpris
 
Tussa deler kvart år ut talenpris til lokale talent. Tidlegare i år fekk volleyballtalentet Jonas Kvalen frå Volda overrekt ein sjekk på 10 000 kroner. Les meir om dette her. 
 
Sals- og marknadssjef i Tussa, Lise Ulstein delte ut sjekken på 10 000
kroner til Anders Fannemel. Frå ordføraren i Hornindal, Edvin Haugen, fekk
Anders Fannemel 5 000 kroner og kommunen sitt skjold.
Målaravlesing Tussa Breiband Kraftprisar Tussafiber Hyttestraum