1. juli 2010 aukar Tussa Nett nettleiga for straum. For ein gjennomsnittsfamilie på søre Sunnmøre vil nettleiga auke med 375 kroner i år. Årsaka til auken er den kalde og tørre vinteren kombinert med ein pressa nordisk kraftmarknad. Nettleiga vil framleis vere under fylkesgjennomsnittet.
Årsaka til auken er det uventa høge forbruket den kalde og tørre vinteren førte med seg. I kombinasjon med lågare kraftproduksjon enn venta, vart det trong for meir tilført energi frå sentralnettet og overordna nett. Denne energitransporten påfører nettet eit visst tap som må kjøpast for marknadspris. Storleiken på tapet er avhengig av overført mengde og situasjonen i kraftmarknaden, og den pressa situasjonen i år førte til større tapsmengder til høgare prisar enn føresett. I løpet av dei første 16 vekene i år var nettkostnadene mot sentralnettet meir enn tredobbelt så høge som i same periode i fjor. Dette er kostnader som brukarane av kraftnettet må dekke gjennom auka nettleige.
Uendra fastledd
Nettleiga for ein hushaldskunde vil auke frå 23, 75 øre inkl. mva pr. kWh til 27,50 øre. Fastleddet på 1875 kroner vert ikkje endra. For eit gjennomsnittleg hushald med årleg forbruk på 20 000 kWh betyr dette ei auka nettleige på 375 kroner i 2010.