Tussa deler ut sponsormidlar til lokale, frivillige lag og organisasjonar i dei åtte kommunane som ligg i området vi har konsesjon for overføring av kraft til.
Til grunn for sponsorverksemda ligg eit ønske om å støtte opp om det rike kulturlivet vi finn i regionen. Det frivillige arbeidet som blir lagt ned både innan musikk, sportslege aktivitetar og kultur er med på å gjere søre Sunnmøre til ein levedyktig og triveleg stad å bu.
Mange frivillige lag og organisasjonar
Det er eit rikhaldig utval av frivillige lag og organisasjonar på Sunnmøre. Vi har valt å gi støtte først og fremst til dei som driv barne- og ungdomsarbeid, men også andre har fått midlar til særskilde tiltak. Små og store idrettslag, skisenter, musikkorps, band, jazzklubbar, kor, speidarar, motorsport og ulike arrangement er mellom dei som har fått bidrag til aktivitetane sine. Vi har bevisst valt å gi litt støtte til mange, i staden for å gå inn som hovudsponsor til nokre få.
Fristen for å søkje om sponsormidlar frå Tussa er 31. januar kvart år. I løpet av februar/mars vert det inngått avtalar med både store og små lag.